18. Dec 2024
Ny kontrakt
Monteringspartner for framtidas ladesystem

DIMO AS har signert avtale med Norwegian Ocean Space Technology (NOSTEC), og blir no monteringspartner for EZconnect™, ei innovativ og permanent ladeløysing som sikrar påliteleg og effektiv lading av autonome og elektriske fartøy.

DIMO AS er stolte av å vere med som monteringspartner. At vi lokalt kan vere med å utvikle og setje i drift framtidas ladeløysingar for sjøfarten, er både spanande og viktig for den grøne omstillinga.

1000023574
Prototype
Byggestart og testing 2025

Etter vellukka belastningstest ved Ulstein Verft er prosjektet no klart til neste fase, der ein fullt operativ prototype skal samanstillast i produksjonslokala til Dimo AS Hareid i løpet av februar 2025.

Innan første halvår av 2025 skal prototypen testast om bord i Yara Birkeland.

Strenge krav
Pilotprosjekt med Yara Birkeland

EZconnect™-systemet er utvikla i tett samarbeid med Yara og tilpassa Yara Birkeland – verdas første autonome, fullelektriske konteinarskip. Pilotprosjektet er støtta av Innovasjon Noreg.

Yara Birkeland stiller strenge krav til autonome operasjonar og fungerer som ein svært viktig pilotkunde og samarbeidspartner. Dei spelar derfor ei nøkkelrolle i å forme EZconnect™-systemet for å møte desse krava.

1000023572
Grøn omstilling
Innovativ ladeteknologi

EZconnect™ er basert på ei såkalla «pin-to-pin»-tilkopling for meir effektiv tilkopling. Handteringsløysinga gjer det mogleg for ladestasjonen å kople seg til skipet utan behov for manuell handtering.

1000023573
Optimalisert drift
Alltid klar for neste reise

Systemet er robust, skalerbart og tilpassa fullelektriske og hybride fartøy. Løysinga opnar for sanntidsdiagnostikk og prediktivt vedlikehald. Slik vert det enklare å optimalisere drifta, halde kostnadene nede og sikre at skipet alltid er ladeklart for neste reise.