Hareid | 17.01.2025
Sales Manager
Sales Manager
Bli ein del av eit spanande ambisiøst selskap på Hareid.

Har du teknisk forståing eller kommersiell teft? Ønsker du å utvikle deg sjølv og ta aktivt ansvar for eiga rolle? Blir du motivert av ein konkurranseprega kvardag og fornøgde kundar? Hos oss blir du ein del av ei sterk salsavdeling som er genuint opptekne av å finne dei beste løysingane saman med kundane våre.

Hydrauliske kraner
Systemløysingar

Hovudfokus for salssjefen vil i første omgong vere marknadsføring og sal av systemløysingar til kundar som søkjer hydrauliske dekkskraner. Vår dyktige salsjef som i dag har ansvaret for dette segmentet, går av med pensjon i løpet av neste år, og vi treng derfor ein eller ei som kan erstatte denne sentrale rolla. 

DIMO jobbar aktivt mot den norske og europeiske marknaden. Arbeidet vil innebere reiseverksemd til ulike samarbeidspartnarar og kundar. I tillegg til sal av systemløysingar leverer DIMO serviceoppdrag og reservedelar til skip som opererer globalt.

Leine 71 web
Arbeidet vil bestå av

• Bidra til at DIMO og salgsavdelinga når måla sine
• Bidra til utvikling av produkt- og marknadsstrategi
• Marknadsføring og oppfølging av kundar, samt etablere og vedlikehalde kundeforhold
• Identifisere og følgje opp moglegheiter og førespurnader
• Avdekkje kommersielle og tekniske forventingar og spesifikasjonar
• Bidra til utvikling og definering av løysingar
• Utarbeide førekalkylar, samt utarbeide kommersielle tilbod med salsdokumentasjon
• Følgje opp tilbod og gjennomføre kommersielle kontraktsforhandlingar
• Bistå innkjøps- og prosjektavdelingar med gjennomføring
• Etterkalkyle av leverte prosjekt
• Stillinga inneber ein del reiseverksemd

1121 Ro Senja EP Uoppstart web 2
Ønska kvalifikasjonar

• Teknisk og/eller økonomisk utdannelse fra universitet, høyskole eller teknisk fagskole
• Kommersiell teft og god forretningsforståelse
• Kan vise til Gode språkkunnskaper (minimum norsk og engelsk, skriftlig og muntlig)
• Erfaring og nettverk fra maritim bransje (eksempelvis verft, rederi, utstyrsleverandør eller designselskap)
• Internasjonal erfaring fra arbeid med tekniske spesifikasjoner og utforming av kommersielle tilbud vil være et fortrinn
• Relevant erfaring og gode resultater fra tidligere prosjekter og roller kan erstatte manglende utdanning
• Erfaring med Office365, Visma Business og SuperOffice

221222 Kontor prosjektingenior 31
Personlege eigenskapar

• Blir motivert av ein kvardag prega av konkurranse
• Ambisiøs og resultatorientert
• Høg arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne
• Sosial med gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
• Strukturert og analytisk
• Fleksibel og løysingsorientert

231115 Dimo drone full 1 copy2
Vi tilbyr

• Konkurransedyktig løn
• Rom for fagleg og personleg utvikling
• Utfordrande arbeidsoppgåver
• Eit godt og uformelt arbeidsmiljø med fokus på trivsel og samarbeid
• Pensjons- og forsikringsavtaler
• Kantineordning
• Sosiale aktivitetar og velferdsavtaler
• Gode, moderne kontorlokale

Søknadsfrist: 17.01.2025
Er dette rolla for deg?

Då håper vi at du ønsker å bli ein del av Dimo AS!

Send inn din søknad til soknad@dimo.no eller via finn.no sin søknadsportal innan 17.01.25
 

Eventuelle spørsmål kan rettast til CCO Håvard Stave på telefon 906 15 698.