Vi søker etter ein positiv, omgjengeleg og nøyaktig person som vil vere med å styrke vårt team i Breivika, Ålesund.
Som sertifisert Parker-distributør produserer vi hydraulikkslangar av høg kvalitet. Her vil du vere ein viktig del av produksjonsprosessen
I tillegg til produksjon i slangeverkstad, vil du blant anna jobbe med lagerarbeid, pakking og klargjering av ordre, og du vil samarbeide tett med kollegaer for å levere riktige løysingar i tide.
Ved Dimo avd. Breivika, vil du få jobbe i eit lite og uformelt arbeidsmiljø, der vi verdsett sjølvstendigheit og fleksibilitet.
Arbeidsdagen kan i perioder ha høgt tempo og tidvis tidspress, noko som krev god struktur og effektivitet. Vi legg stor vekt på dine personlege eigenskapar og evna til å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
• Produksjon av hydraulikkslangar i fullt utstyrt slangeverkstad.
• Kvalitetskontroll for å sikre at kvar ordre møter våre krav til presisjon.
• Lagerarbeid, pakking og klargjering for forsending.
• Handtering av ordre.
• Fleksibel bistand der det er behov.
• Mekanisk fagbrev er ønskeleg, men relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
• Interesse for mekanisk arbeid, fortrinnsvis innan hydraulikk.
• Nøyaktig og strukturert, med evne til å halde orden i arbeidsområde.
• Positiv, serviceinnstilt og omgjengeleg – vi vektlegg personlege eigenskapar.
• Evne til å jobbe sjølvstendig.
• Trivast med høgt tempo og kan takle tidspress utan å miste oversikta.
Send din søknad til soknad@dimo.no innan 15. januar 2025. Merk din søknad med "Slangemontør Breivika".
Eventuelle spørsmål angåande stillinga kan rettast til Nils Petter Haddal på tlf. 913 58 716
• Eit godt og uformelt arbeidsmiljø med fokus på trivsel og personleg utvikling
• Varierte arbeidsoppgåver som gir moglegheit til å lære og vekse fagleg
• Pensjons- og forsikringsordning
• Fleksitidsordning